FlipQuiz
FlipQuiz er eit verktøy for quiz. Dette minner om Jeopardy, som ein kan nytte i samband med ei interaktiv tavle.
Ein deler quizen inn i inntil 6 ulike kategoriar og kvar kategori har 5 spørsmål.
Det er gratis å registrere seg som bruker og det krev ikkje avansert kunnskap å opprette ein quiz. I tillegg finnast det mange eksisterande quizar på nettsida som ein kan nytte. Her finn du mange ulike kategoriar.
Verktyet er i utgangspunktet gratis, men ein kan velje å oppgradere til proversjonen dersom ein vil det. Proversjonen gjer med anna moglegheit til å kopiere ein quiz.
skjermbilete frå FlipQuiz:
For å opprette ein quiz er gjer ein følgande:
- Logg inn på flipquiz.me og registrer deg som brukar.
- Vel New Board og ein er klar til å lage ein quiz
- Vel namn på quizen og legg det inn i
- Vel namn på dei ulike kategoriane
- Legg inn spørsmål og svar i dei respektive tekstfelta. Her kan ein redigere tekststil, legge til bilde, video og liknande
- Dersom du vil, kan du legge til bilde til quizen
- Trykk Save for å lagre quizen. Den er no klar til bruk.
Her er ei video over korleis ein kan nytte FlipQuiz