Kategori: Ukategorisert
Teachertube
Teachertube er ein nettstad med videoar som læringsressurs. I følge nettstaden sjølv finn ein pålitelige ressursar ein kan nytte i undervisninga. Dersom du er kjend med å nytte Youtube, så er dette ei nettside du vil kunne nytte enkelt. Mykje av videoane er naturleg nok på engelsk, men det finnast ein del ressursar på norsk også. Blandt anna i Matematikkfaget er det lagt ut fleire videoar på norsk.
Teachertube inneheld ein del andre læringsressursar, slik som dokument(pdf, word, excel), bilder og lydklipp.
I Teachertube kan du sjå videoar sjølv om du ikkje har konto og/eller er innlogga, men skal du ha tilgang til dokument, så må du ha konto. Som ved mange andre nettstader, kan ein få konto via andre nettenester, slik som Facebook.
Mulighetane til Teachertube er mange. Ein kan lage sine eigne «klasserom», som fungerer omtrent som di eiga nettside. Der kan du legge inn eigne tekstar, videoar og liknande. For å finne ut meir om korleis du kan lage di eiga nettside, som klasserom, så er det forklart på denne sida (ekstern lenke)
Coursera
er ei nettside som fungerer som ein utdanningsplattform. Her kan du ta kurs innan ulike tema, som IKT/programmering, kunst, språk, matematikk, fysikk etc. Kursa blir levert av ulike universitet rundt om i verden. Her finn ein kjende universitet som Yale og Stanford. Og mange av kursa er gratis å delta på. Kursa er ofte videobaserte og du får oppgåver som du skal løyse. I kursperioden står du fritt til å velje når du skal sjå på leksjonane og du kan velje å sjå leksjonane så mange gangar du sjølv ynskjer.
For å få tilgang til kursa, må du registrere deg gratis på www.coursera.org. Som ved mange andre nettsider, kan du registrere deg via Facebook, eller du kan bruke e-postadresse og passord.
Når du har registrert deg og logga inn, kan du søke etter kurs på fleire ulike måtar. Du kan søke direkte i søkefeltet, eller du kan gå via katalogen og søke ved hjelp av tema i katalogen.
Dersom du vel knappen «Catalog», så vil du få oversikt over alle kategoriar. Og dersom du vel ein kategori, så får du oversikt over alle kursa som er relatert til den kategorien. Det er også oversikt over underkategoriar slik at du kjem nærare inn på det du måtte ynskje av kurs. Biletet under viser bilde du får når du klikkar på Social Science. Her får du underkategoriar du kan velje. Kurs som er merka med eit grått felt med teksten «…-course specialization», er kurs som har kursavgift. Alle kurs som ikkje er merka med den nemnde teksten, er gratis å delta på. I biletet under viser at kurset «Healtcare Marketplace» har ei kursavgift, medan kurset «Marketing in a digital world» er gratis.
Dersom du klikkar inn på eit av kursa, vil du få oversikt over innhaldet til kurset, kor lang tid kurset vil ta, kor mange timar i veka det er berekna at du må bruke for å fullføre kurset. Det kan vere lurt å merke seg at kursa har ein påmeldingsfrist.
Slideshare
Slideshare er ein nettstad for publisering av presentasjoner på nett. Denne nettstaden har mange ulike presentasjonar tilgjengelig. Og sjansen er stor for at du finn noko som passar. Her finn ein presentasjoner på fleire språk. Og ein finn ein god del presentasjonar på norsk.
Ein kan velje å laste opp eigne ressursar frå for eksempel power point, Open Office, word og liknande. Eller ein kan velje å opprette direkte på nettstaden. Resursane blir gjort om til slides som ein kan publisere eller velje å gjere privat. Du kan dele presentasjonen med andre via blogg, eller LMS, som Fronter. Det er mulig å inkludere lyd og video i presentasjonane.
Eit godt tips til bruk er at læraren legg ut presentasjonen på slideshare og når elevane skal gå gjennom presentasjonen, kan dei søke opp presentasjonen via nettstaden utan å logge på. Elevane kan også finne fram presentasjonen ved hjelp av ein app, som kan lastast ned gratis til dei fleste smarttelefonar. Dette gjer at tilgangen på presentasjonen blir lettare tilgjengeleg for elevane.
For å kunne laste opp presentasjoner, må ein ha konto. Dette gjer ein enkelt ved å klikke på login i øverste høgre hjørne. Her kan ein opprette brukernamn og passord eller ein kan logge seg inn via Facebook kontoen eller LinkedIn. For å laste opp ein ressurs, vel ein knappen Upload, som ligg øverst til høgre på nettstaden. Dersom ein ynskjer å lage ein ny presentasjon vel ein knappen til høgre for uploadknappen.
For å publisere ein presentasjon på blogg eller Fronter, så kan ein gå inn på sjølve presentasjonen. Kopier nettadressen til presentasjonen og lim den inn som ein hyperlenke.
PollEverywhere
PollEverywhere er ein nettstad der du kan publisere undersøkelsar. Dei som skal delta på undersøkelsen kan svare via nett, app til mobil eller SMS.
Du kan lage ferdige svaralternativ til undersøkinga eller du kan la deltakarane svare fritt.
Dersom du ynskjer å opprette ein poll, loggar du inn på polleverywhere.com. Dersom du ikkje har ein konto, kan du opprette ein.
- Velj create a poll i menyen til venstre
- Du får då opp eit spørsmål om kva undersøkinga skal heite
- Når du starter å skrive får du denne menyen opp:
- Her kan du velje mellom Open Ended spørsmål, der brukaren kan få svare fritt, Multiple Choice, der brukaren får forhåndsdefinerte svaralternativ eller klikkbare bilder, der brukaren skal velje bilde. Når spørsmålet er klart, klikkar du på create nederst til høgre.
- Då får du opp ei ny side som viser kva påloggingsinfo ein treng for å svare på spørsmålet.
Under finn du ein video som viser korleis Poll Everywhere fungerer
https://www.youtube.com/watch?v=WfgkN2zZIlA
TodaysMeet
TodaysMeet er ein nettstad der ein kan opprette tidsavgrensa diskusjonsforum.
For å nytte verktyet, må læraren logge inn og opprette eit diskusjonsrom. Administratoren deler ut nettaddressa til dei som skal delta i diskusjonen. Deltakarane opprettar seg eit nick og er med i diskusjonen. Fordelen med dette diskusjonsforumet er at det er privat og alle kan velge å vere anonyme. Rommet er tidsavgrensa, slik at det forsvinn etter eit bestemt tidspunkt. Dersom det kjem upassande meldingar inn, kan administratoren enkelt slette meldinga.
Slik nyttar ein TodaysMeet:
1. velg eit namn til rommet og kor lenge rommet skal vere opent.
2. Når rommet er oppretta, deler ein ut nettaddressa til deltakarane
3. Deltakrane må velge eit kallenamn (nick)
4. Når ein har valgt seg eit kallenamn, kan ein delta i diskusjonen.
Dersom eit innlegg er upassande, kan administrator slette meldinga ved å flytte musepeikaren over meldinga og trykke delete.
Her finn du lenke til TeacherTrainingVideos, som viser korleis ein kan nytte TodaysMeet.
Sreencast-O-Matic
Screencast-O-Matic er eit verkty for skjermopptak. Programmet er gratis og skjermopptaket kan skje direkte i nettlesaren.
For å ta skjermopptak, så må du gjere følgande:
- Klikk Start Recording – Hugs at du må ha Java installert for å kunne nytte denne funksjonen
- Når det er klart kjem det opp ein markering på skjermen som viser kor skjermopptaket skjer. Denne markeringa kan du justere etter eige ynskje.
- For å få lydopptak, må du klikke på mikrofonteiknet i opptakeren og velge rett mikrofon.
- Dersom du vil ha opptak med deg sjølv også, kan du velge ikonet for webkamera
- Når du har gjort justeringane du ynskjer, klikker du på opptakknappen.
- Programmet teller ned og opptaket startar.
- Under opptaket kan du gjere ulike justeringar, for eksempel pause i programmet, justere opptaksområdet og liknande.
- Når du er ferdig med opptak trykker du done
Screencast-O-Matic er eit gratis verkty, men med ein betalbar versjon også.
Med gratisversjonen kan ein lage videoar på opp til 15 minutt, den betalbare versjonen har ingen tidsbegrensing i forhold til opptak.
linken under viser korleis ein kan bruke Screencast-O-Matic:
http://www.screencast-o-matic.com/u/h/start-recording
Blubbr
Blubbr er ein nettside som gjer at du kan opprette quiz basert på videoar frå Youtube. Quizzane som blir opprettar blir kalla «Trivs». Når ein Trivs blir oppretta vert det lagt under ulike kategoriar, slik som tenkologi, utdanning, musikk og så vidare. Det er allereie oppretta mange ulike Trivs av brukarar rundt om i verda.
Prinsippet er at ein Triv baserer seg på ein valgt Youtubevideo. Ein startar med å sjå kort sekvens av videoen for så å måtte svare på eit spørsmål basert på videoen. Når ein har svart på spørsmålet, får ein poeng basert på om det er rett og kor rask du er. Etter det ser du ein ny sekvens av videoen før ein får eit nytt spørsmål. Slik fortset det til Triven er over.
Her er litt bilder frå ein Trivs om datamaskinen sine delar:
Du får først ein liten sekvens av ein youtubevideo:
Deretter må du svare på eit spørsmål basert på det som var i videosekvensen
Du får poeng basert på kor mange rett og kor raskt ein svarer. Her kan ein komme på topp-lista viss ein er god.
For å få laga eigne Trivs, må du ha konto. Konto kan ein få ved hjelp av Facebook eller Twitter, eller ein kan opprette ein heilt ny konto.
Slik oppretter du eigen Triv:
Velg I want to create my own Trivs på framsida blubbr.tv
Skriv inn ein valgt tittel på Triven i tekstfeltet som kjem opp, Trykk Next
Søk etter ein Youtube video du ynskjer å bruke og trykk Next
No kjem det opp ei side der ein kan søke etter videoar. Skriv inn i søkefeltet det du ynskjer å søke på. Når du har funne rett video, velger du den.
I den blå linja, kan du velje kor i videoen opptaket skal starte og når den skal slutte. I menyen til høgre legg du inn eit passande spørsmål. Når du er ferdig med spørsmålet, trykker du submit. Då kan du velje ein annan del av videoen du vil vise, eller ein del av ein heilt ny video.
Når du er ferdig med å lage Triven, velger du I’m Done. Du får då spørsmål om å velje kategori for quizen.
Quizlet
Quizlet er ein nettstad der ein skal pugge inn ord og uttrykk.
Prinsippet går ut på at ein skal lage ei liste med ord eller uttrykk og betydningen av desse. Når ein har laga ei liste på det som ein skal hugse, så kan ein gjere eit sett med øvingar for å lære dei orda eller uttrykka. For å nytte deg av quizlet må du registrere deg som brukar, her kan du nytte eksisterande Facebook- eller Google+konto som innloggingsmetode. Når du er innlogga kan du opprette egne Quizlet eller du kan hente ut eksisterande sett med ord/ uttrykk.
Dersom du ynskjer å opprette ein Quizlet, gjer du følgande:
- Logg inn på quizlet.com
- velg Create a set
- Skriv inn tittel på lista
- Skriv inn ord/uttrykk og beskrivelse:
- Velg om den skal publiserast til alle eller kven som skal få tilgang
- Når ein er ferdig å legge inn i lista velger ein Done. Ein har moglegheiten til å endre på lista ved seinare anledning.
Det er fleire måtar ein kan lære inn ord/uttrykk i Quizlet:
- Cards – Flashcards/puggekort med kvart ord/ uttrykk og deretter betydninga av ordet/uttrykket.
- Learn – Øve på orda/uttrykka
- Speller – Stav det du høyrer
- Test – Test for å finne ut kor mykje du har lært
- Scatter – Kople rett ord/uttrykk saman
- Race – skriv inn ordet/uttrykket
Dersom du er lærar kan du opprette eigne grupper med elevane, slik at det blir enklare å distribuere oppgåver til elevane.
Quizlet kan brukast som app for både Android og Iphone.
Her er ein video som viser korleis ein kan nytte Quizlet
https://www.youtube.com/watch?v=6iBbdN6xVMQ
FlipQuiz
FlipQuiz er eit verktøy for quiz. Dette minner om Jeopardy, som ein kan nytte i samband med ei interaktiv tavle.
Ein deler quizen inn i inntil 6 ulike kategoriar og kvar kategori har 5 spørsmål.
Det er gratis å registrere seg som bruker og det krev ikkje avansert kunnskap å opprette ein quiz. I tillegg finnast det mange eksisterande quizar på nettsida som ein kan nytte. Her finn du mange ulike kategoriar.
Verktyet er i utgangspunktet gratis, men ein kan velje å oppgradere til proversjonen dersom ein vil det. Proversjonen gjer med anna moglegheit til å kopiere ein quiz.
skjermbilete frå FlipQuiz:
For å opprette ein quiz er gjer ein følgande:
- Logg inn på flipquiz.me og registrer deg som brukar.
- Vel New Board og ein er klar til å lage ein quiz
- Vel namn på quizen og legg det inn i
- Vel namn på dei ulike kategoriane
- Legg inn spørsmål og svar i dei respektive tekstfelta. Her kan ein redigere tekststil, legge til bilde, video og liknande
- Dersom du vil, kan du legge til bilde til quizen
- Trykk Save for å lagre quizen. Den er no klar til bruk.
Her er ei video over korleis ein kan nytte FlipQuiz
Kubbu
Kubbu er eit e-læringsverkty for å opprette læringsaktivteter, quiz og kryssord.
Aktiviteter ein kan velje mellom er:
Match: Kople saman element
Divide: Dele element/ ord inn i grupper
Slider: Dynamisk quiz
Composer: Her oppretter ein test med ulike typar spørsmål
Crossword: Her lager ein kryssord
For å bruke Kubbu, må du registrere deg som bruker. Og når du har registrert deg, kan du legge til inntil 15 aktiviteter og 30 elevar til kontoen din. Dersom 30 elevar eller 15 aktivitetar er for lite, kan du oppgradere kontoen. Fordelen med å registrere elevane er at då får ein oversikt over resultata til elevane. Du kan også la elevane gjere aktivtetane utan å vere registrert.
For å registrere elevane vel ein Students i menyen og legg til elevane. Dersom du ynskjer at elevane skal vere i grupper, for eksempel ein klasse, bør du gå inn på Grupper i menyen og opprette ei gruppe for deretter å registrere elevane.
For å velge ein aktivitet, vel ein Activites i menylinja. Velg den aktiviteten du vil opprette. Deretter kan du velje Add Activity nederst til venstre.
Ein av aktivitetane ein kan velje er Kryssord, et kan ein gjere slik:
- Velg Crossword i menyen
- Velg namn og innstillinger og trykk neste
- Legg inn dei orda du vil ha i kryssordet med forklaring
- Velg Show Crossword
- programmet genererer eit kryssord basert på orda du har valgt. Dersom du ikkje er fornøgd med oppsettet, kan du generere på nytt.
- Når du er fornøgd, klikk Save Activity
- Når du er ferdig med å lage aktiviteten kjem den opp i lista under Activities. Her kan du gjere fleire ulike innstillingar på aktiviteten.
Her kan du sjå statistikk og resultat til elevane, du kan teste ut korleis aktiviteten blir for elevane ved å velje terning. - Når du skal dele ein aktivitet må du velge nøkkelen til høgre for den aktuelle aktiviteten. Her kan du redigere tilganger og om eleven skal få gjere oppgåva så mange ganger han/ho vil (practice) eller om eleven skal kun gjere oppgåva ein gong (Exam)
- Ein kan dele aktiviteten på to måtar:
- Tildele til grupper/elevar. Elevane må då logge inn med brukernamn og passord
- Dele ut lenken til dei elevane som skal ha oppgåva.
Videoen under viser korleis ein kan bruke Kubbu: