Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Stikkord: flipped classroom

Teachertube

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 19. april , 2016 kl. 12:53

teachertubelogo

Teachertube er ein nettstad med videoar som læringsressurs. I følge nettstaden sjølv finn ein pålitelige ressursar ein kan nytte i undervisninga. Dersom du er kjend med å nytte Youtube, så er dette ei nettside du vil kunne nytte enkelt. Mykje av videoane er naturleg nok på engelsk, men det finnast ein del ressursar på norsk også. Blandt anna i Matematikkfaget er det lagt ut fleire videoar på norsk.

Teachertube inneheld ein del andre læringsressursar, slik som dokument(pdf, word, excel), bilder og lydklipp.

I Teachertube kan du sjå videoar sjølv om du ikkje har konto og/eller er innlogga, men skal du ha tilgang til dokument, så må du ha konto. Som ved mange andre nettstader, kan ein få konto via andre nettenester, slik som Facebook.

Mulighetane til Teachertube er mange. Ein kan lage sine eigne «klasserom», som fungerer omtrent som di eiga nettside. Der kan du legge inn eigne tekstar, videoar og liknande. For å finne ut meir om korleis du kan lage di eiga nettside, som klasserom, så er det forklart på denne sida (ekstern lenke) 

 

 

Sreencast-O-Matic

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 10. februar , 2015 kl. 11:12

logoSOM

Screencast-O-Matic er eit verkty for skjermopptak. Programmet er gratis og skjermopptaket kan skje direkte i nettlesaren.

framsideSOM

 

For å ta skjermopptak, så må du gjere følgande:

  • Klikk Start Recording  – Hugs at du må ha Java installert for å kunne nytte denne funksjonen
  • Når det er klart kjem det opp ein markering på skjermen som viser kor skjermopptaket skjer. Denne markeringa kan du justere etter eige ynskje.
  • opptakSOM
  • For å få lydopptak, må du klikke på mikrofonteiknet i opptakeren og velge rett mikrofon.
  • Dersom du vil ha opptak med deg sjølv også, kan du velge ikonet for webkamera
  • Når du har gjort justeringane du ynskjer, klikker du på opptakknappen.
  • Programmet teller ned og opptaket startar.
  • Under opptaket kan du gjere ulike justeringar, for eksempel pause i programmet, justere opptaksområdet og liknande.
  • Når du er ferdig med opptak trykker du done

 

Screencast-O-Matic er eit gratis verkty, men med ein betalbar versjon også.
Med gratisversjonen kan ein lage videoar på opp til 15 minutt, den betalbare versjonen har ingen tidsbegrensing i forhold til opptak.

linken under viser korleis ein kan bruke Screencast-O-Matic:

http://www.screencast-o-matic.com/u/h/start-recording

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.