Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Stikkord: forum

TodaysMeet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 24. februar , 2015 kl. 09:00

TMlogo

TodaysMeet er ein nettstad der ein kan opprette tidsavgrensa diskusjonsforum.

For å nytte verktyet, må læraren logge inn og opprette eit diskusjonsrom. Administratoren deler ut nettaddressa til dei som skal delta i diskusjonen. Deltakarane opprettar seg eit nick og er med i diskusjonen. Fordelen med dette diskusjonsforumet er at det er privat og alle kan velge å vere anonyme. Rommet er tidsavgrensa, slik at det forsvinn etter eit bestemt tidspunkt. Dersom det kjem upassande meldingar inn, kan administratoren enkelt slette meldinga.

Slik nyttar ein TodaysMeet:

1. velg eit namn til rommet og kor lenge rommet skal vere opent.

bilde1TM

 

2. Når rommet er oppretta, deler ein ut nettaddressa til deltakarane

nettaddresse

 

 

3. Deltakrane må velge eit kallenamn (nick)

bide2TM

 

 

4. Når ein har valgt seg eit kallenamn, kan ein delta i diskusjonen.

bilde4TM

 

Dersom eit innlegg er upassande, kan administrator slette meldinga ved å flytte musepeikaren over meldinga og trykke delete.

 

Her finn du lenke til TeacherTrainingVideos, som viser korleis ein kan nytte TodaysMeet.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.