Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Stikkord: pugging

Quizlet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 26. januar , 2015 kl. 13:35

logo

 

Quizlet er ein nettstad der ein skal pugge inn ord og uttrykk.

Prinsippet går ut på at ein skal lage ei liste med ord eller uttrykk og betydningen av desse. Når ein har laga ei liste på det som ein skal hugse, så kan ein gjere eit sett med øvingar for å lære dei orda eller uttrykka. For å nytte deg av quizlet må du registrere deg som brukar, her kan du nytte eksisterande Facebook- eller Google+konto som innloggingsmetode. Når du er innlogga kan du opprette egne Quizlet eller du kan hente ut eksisterande sett med ord/ uttrykk.

Dersom du ynskjer å opprette ein Quizlet, gjer du følgande:

  • Logg inn på quizlet.com
  • velg Create a set
  • oppretteSett1
  • Skriv inn tittel på lista
  • Skriv inn ord/uttrykk og beskrivelse:
  •  opprettesett2
  • Velg om den skal publiserast til alle eller kven som skal få tilgang
  • Når ein er ferdig å legge inn i lista velger ein Done. Ein har moglegheiten til å endre på lista ved seinare anledning.

 

Det er fleire måtar ein kan lære inn ord/uttrykk i Quizlet:

quizletoppgaver

  • Cards – Flashcards/puggekort med kvart ord/ uttrykk og deretter betydninga av ordet/uttrykket.
  • Learn – Øve på orda/uttrykka
  • Speller – Stav det du høyrer
  • Test – Test for å finne ut kor mykje du  har lært
  • Scatter – Kople rett ord/uttrykk saman
  • Race – skriv inn ordet/uttrykket

 

Dersom du er lærar kan du opprette eigne grupper med elevane, slik at det blir enklare å distribuere oppgåver til elevane.

 

Quizlet kan brukast som app for både Android og Iphone.

Her er ein video som viser korleis ein kan nytte Quizlet

https://www.youtube.com/watch?v=6iBbdN6xVMQ

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.