Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Stikkord: fag

Dragonbox

Kategori: Verkty | 0 kommentarer » - Publiser søndag 23. november , 2014 kl. 14:22

dragonbox1

Dragonbox er ein app som hjelper å lære algebra. Programmet er oppbygd som eit spel der ein kan lære å løyse matematiske operasjonar.
Programmet er bygd opp som eit spel der ein opererer med figurar i staden for X og Y. Der ein skal få figurane over på ei side og tala over på den andre sida av likskapsteiknet. Brukaren får lære bruk av forteikn, parantes, reknereglar og faktorisering.

Brukaren får lære i sitt eige tempo med prøving og feiling. Og mi oppleving av spelet er at det er motiverande og artig.

Det finnast fleire ulike variantar av Dragonbox:
5+ og 12+ alt etter nivå.  Programmet passar like godt til voksne som til born.
Ein finn programmet som app i dei fleste plattformar.

dragonbox2

Ein kan finne meir informasjon om programmet/ appen på nettsida www.wewanttoknow.com

 

Kahoot

Kategori: Verkty | 0 kommentarer » - Publiser fredag 7. november , 2014 kl. 09:34

kahoot

Kahoot er eit spennande verkty og ein av dei programma som er blitt svært populær blant lærarar og elevar. Dei aller fleste bruker Kahoot som eit quizverkty i klasserommet. Det kan anten brukast som ein oppsummering av eit spesielt tema eller som eit avbrekk i ein time.  Kahoot fungerer slik at læraren kan anten hente inn ein eksisterande quiz frå Kahoot eller lage ein sjølv.

 

Det fungerer slik:

  • Læraren førebur ein quiz på forhånd før undervisningstimen. Det gjer ein på www.getkahoot.com. Her kan ein opprette sjølv eller hente inn frå eksisterande kahoots.

oppretteKahoot

oppretteKahoot2

  • Ein køyrer kahooten opp på storskjerm, anten via prosjektor/ digital tavle eller TV.

kjoreKahoot1

  • Elevane opnar nettsida kahoot.it
  • Deltakarane må skrive inn koden som står på storskjermen og så velge seg eit nick
  • Når alle har logga inn, så trykker læraren på start og quizen er i gang.
  • På storskjermen så kjem spørsmåla med alternativ. Alternativa vises som fargar/ figurar. Og deltakarane vel den fargen/ figuren som høyrer til det rette alternativet. Det er derfor veldig viktig at alle ser skjermen.

kjoreKahoot

  • Når alle har svart, så får ein opp ein statistikk på kor mange som svarte kva. Ein får også ei oversikt over dei som ligg som topp 5 på lista.
  • Dette gjentas til alle spørsmåla er blitt besvart.

Ein kan også nytte kahoot til å opprette diskusjonar eller lage undersøkelse

 

 

Min opplevelse av å bruke Kahoot, er at det er veldig engasjerande for elevane å få vere med på dette. . Eg har også latt elevane lage sine eigne Kahoots. Og det har vore veldig spennande både for meg som lærar. Og det er svært lærerikt for elevane då dei må finne på spørsmål, som er faglig relevante og gode alternative svar.

 

Her er ein liten intro på korleis ein nyttar Kahoot.

 

 

Memrise

Kategori: Verkty | 0 kommentarer » - Publiser mandag 3. november , 2014 kl. 14:38

memriselogo

Memrise.com er ei nettside som blir brukt til å lære seg nytt vokabular og omgrep.

I følge Memrise, er det tre faktorar for bekymringslaus læring : vitenskap, moro og at det er eit nettsamfunn. Og etter det eg ser, så er det absolutt det ein får.

Ein logger seg inn med brukernamn og passord. Har du Facebook konto, så kan du gjerne bruke denne her.
Etter innlogging, så får ein tilgang til mange ulike kurs. Du melder deg på eit kurs og starter med å øve.

memrise1

 

Du blir presentert for ord / omgrep etter kvart og må repetere desse. For å lære deg å hugse dei ulike orda, så får du bilder, også kalla mems, som du kan kople til ordet. Ein kan også legge sine eigne Mems til orda.   I enkelte av kursa er orda lest opp, slik at ein lærer uttalen på orda også. Etter kvart som ein øver får ein repetert dei samme orda mange ganger. Og ord/ uttrykk, som ein slit mest med, dukkar oftare opp.

Kurset er delt inn i bolkar på ca 5 minutt og i kvar bolk lærer du deg nokre nye ord. Og etter kvar bolk aukar ein poengsummen.

Det er mulig å lage sine eigne kurs. Dette er  relativt enkelt. Ein legg inn dei orda ein vil lære og kva dei betyr. Så lagrer ein og publiserer. Som lærar innan data og elektronikk, har eg sjølv oppretta kurs innan grunnleggande elektronikk, der ein lærer seg viktige omgrep og formlar innan dette temaet. I tillegg har eg oppretta kurs for min son i 7. klasse. Der han skal lære seg vekeorda i engelsk.

Memrise2_Opprette

Programmet kan brukast både på nett og det er laga ein app for iphone og Android.
Eg kan absolutt anbefale denne nettstaden. Det gir motivasjon på fleire plan og er enkelt å bruke.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.