Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Arkiv for: april, 2015

Slideshare

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 8. april , 2015 kl. 11:18

 

slidesharelogo

Slideshare er ein nettstad for publisering av presentasjoner på nett. Denne nettstaden har mange ulike presentasjonar tilgjengelig. Og sjansen er stor for at du finn noko som passar. Her finn ein presentasjoner på fleire språk. Og ein finn ein god del presentasjonar på norsk.

Ein kan velje å laste opp eigne ressursar frå for eksempel power point, Open Office, word og liknande. Eller ein kan velje å opprette direkte på nettstaden. Resursane blir gjort om til slides som ein kan publisere eller velje å gjere privat. Du kan dele presentasjonen med andre via blogg, eller LMS, som Fronter. Det er mulig å inkludere lyd og video i presentasjonane.

Eit godt tips til bruk er at læraren legg ut presentasjonen på slideshare og når elevane skal gå gjennom presentasjonen, kan dei søke opp presentasjonen via nettstaden utan å logge på. Elevane kan også finne fram presentasjonen ved hjelp av ein app, som kan lastast ned gratis til dei fleste smarttelefonar. Dette gjer at tilgangen på presentasjonen blir lettare tilgjengeleg for elevane.

For å kunne laste opp presentasjoner, må ein ha konto. Dette gjer ein enkelt ved å klikke på login i øverste høgre hjørne. Her kan ein opprette brukernamn og passord eller ein kan logge seg inn via Facebook kontoen eller LinkedIn. For å laste opp ein ressurs, vel ein knappen Upload, som ligg øverst til høgre på nettstaden. Dersom ein ynskjer å lage ein ny presentasjon vel ein knappen til høgre for uploadknappen.

For å publisere ein presentasjon på blogg eller Fronter, så kan ein gå inn på sjølve presentasjonen. Kopier nettadressen til presentasjonen og lim den inn som ein hyperlenke.

 

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.