Arkiv for: november, 2014
Corinth
Corinth er ein app (program) til Windows 8.1 maskiner
appen er mest tilpassa naturfag, humanbiologi og teknikk. Her kan ein undersøke element heilt ned på mikroskopnivå.
Corinth finnast i fleire versjonar: Humanbiologi, Geologi, Animalbiologi og plantebiologi for skule. I tillegg finnast det ein versjon for motor.
Meir informasjon og demo av Corinth finn du på nettsida www.ecorinth.com/content.
Dersom du ynskjer meir informasjon om appen for motor, finn du den på windows store
Appane er gratis. For å kunne nytte appane, må du ha Windows 8.1 operativsystem.
Skjermbilde frå ei celle (Humanbiologiappen) Skjermbilde frå appen om motor
Dragonbox
Dragonbox er ein app som hjelper å lære algebra. Programmet er oppbygd som eit spel der ein kan lære å løyse matematiske operasjonar.
Programmet er bygd opp som eit spel der ein opererer med figurar i staden for X og Y. Der ein skal få figurane over på ei side og tala over på den andre sida av likskapsteiknet. Brukaren får lære bruk av forteikn, parantes, reknereglar og faktorisering.
Brukaren får lære i sitt eige tempo med prøving og feiling. Og mi oppleving av spelet er at det er motiverande og artig.
Det finnast fleire ulike variantar av Dragonbox:
5+ og 12+ alt etter nivå. Programmet passar like godt til voksne som til born.
Ein finn programmet som app i dei fleste plattformar.
Ein kan finne meir informasjon om programmet/ appen på nettsida www.wewanttoknow.com
Nytt Microsoftverkty
Dersom du er kjent med Microsoft sine Officeprogram, vil dette programmet vere greitt å nytte.
Office Mix er eit tillegg til PowerPoint, som gjer at med anna kan ta skjermopptak og sette det rett inn i PowerPoint.
Den har også ein opptaksfunksjon som gjer at ein kan gå gjennom heile PowerPoint med opptak med video av deg sjølv og gå gjennom PowerPointen.
Office Mix har sin eigen nettside der ein kan sjå andre sine presentasjoner og laste opp eigne.
Det beste med dette programmet er at ein kan nytte det i forbindelse med omvendt undervisning. Der ein lagar ein kort videopresentasjon ved hjelp av officemix. Laste den opp til elevane og elevane ser på videoen som lekse.
Nettsida til Office mix finn du For å kunne bruke Office Mix, må du laste ned tillegget, ved å velge «get OfficeMix». Her må du logge inn med Microsoft kontoen din.
Når du har lasta ned OfficeMix tillegget, blir det lagt til som ei eiga fane i Powerpoint.
For å bruke verktyet, så vel fana Mix
Velg Record for å lage eigne videoar. Då får du dette biletet opp. Her kan du ta med video av deg sjølv. Ta lydopptak og bla i presentasjonen.
Det finnast ein del videoar som er lasta opp under gallery til mix.office.com
Her er ein video som viser korleis ein nyttar Office Mix.
http://www.youtube.com/watch?v=XQ1WDiFPGwA
Kahoot
Kahoot er eit spennande verkty og ein av dei programma som er blitt svært populær blant lærarar og elevar. Dei aller fleste bruker Kahoot som eit quizverkty i klasserommet. Det kan anten brukast som ein oppsummering av eit spesielt tema eller som eit avbrekk i ein time. Kahoot fungerer slik at læraren kan anten hente inn ein eksisterande quiz frå Kahoot eller lage ein sjølv.
Det fungerer slik:
- Læraren førebur ein quiz på forhånd før undervisningstimen. Det gjer ein på www.getkahoot.com. Her kan ein opprette sjølv eller hente inn frå eksisterande kahoots.
- Ein køyrer kahooten opp på storskjerm, anten via prosjektor/ digital tavle eller TV.
- Elevane opnar nettsida kahoot.it
- Deltakarane må skrive inn koden som står på storskjermen og så velge seg eit nick
- Når alle har logga inn, så trykker læraren på start og quizen er i gang.
- På storskjermen så kjem spørsmåla med alternativ. Alternativa vises som fargar/ figurar. Og deltakarane vel den fargen/ figuren som høyrer til det rette alternativet. Det er derfor veldig viktig at alle ser skjermen.
- Når alle har svart, så får ein opp ein statistikk på kor mange som svarte kva. Ein får også ei oversikt over dei som ligg som topp 5 på lista.
- Dette gjentas til alle spørsmåla er blitt besvart.
Ein kan også nytte kahoot til å opprette diskusjonar eller lage undersøkelse
Min opplevelse av å bruke Kahoot, er at det er veldig engasjerande for elevane å få vere med på dette. . Eg har også latt elevane lage sine eigne Kahoots. Og det har vore veldig spennande både for meg som lærar. Og det er svært lærerikt for elevane då dei må finne på spørsmål, som er faglig relevante og gode alternative svar.
Her er ein liten intro på korleis ein nyttar Kahoot.
Memrise
Memrise.com er ei nettside som blir brukt til å lære seg nytt vokabular og omgrep.
I følge Memrise, er det tre faktorar for bekymringslaus læring : vitenskap, moro og at det er eit nettsamfunn. Og etter det eg ser, så er det absolutt det ein får.
Ein logger seg inn med brukernamn og passord. Har du Facebook konto, så kan du gjerne bruke denne her.
Etter innlogging, så får ein tilgang til mange ulike kurs. Du melder deg på eit kurs og starter med å øve.
Du blir presentert for ord / omgrep etter kvart og må repetere desse. For å lære deg å hugse dei ulike orda, så får du bilder, også kalla mems, som du kan kople til ordet. Ein kan også legge sine eigne Mems til orda. I enkelte av kursa er orda lest opp, slik at ein lærer uttalen på orda også. Etter kvart som ein øver får ein repetert dei samme orda mange ganger. Og ord/ uttrykk, som ein slit mest med, dukkar oftare opp.
Kurset er delt inn i bolkar på ca 5 minutt og i kvar bolk lærer du deg nokre nye ord. Og etter kvar bolk aukar ein poengsummen.
Det er mulig å lage sine eigne kurs. Dette er relativt enkelt. Ein legg inn dei orda ein vil lære og kva dei betyr. Så lagrer ein og publiserer. Som lærar innan data og elektronikk, har eg sjølv oppretta kurs innan grunnleggande elektronikk, der ein lærer seg viktige omgrep og formlar innan dette temaet. I tillegg har eg oppretta kurs for min son i 7. klasse. Der han skal lære seg vekeorda i engelsk.
Programmet kan brukast både på nett og det er laga ein app for iphone og Android.
Eg kan absolutt anbefale denne nettstaden. Det gir motivasjon på fleire plan og er enkelt å bruke.