Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Arkiv for: april, 2016

Teachertube

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 19. april , 2016 kl. 12:53

teachertubelogo

Teachertube er ein nettstad med videoar som læringsressurs. I følge nettstaden sjølv finn ein pålitelige ressursar ein kan nytte i undervisninga. Dersom du er kjend med å nytte Youtube, så er dette ei nettside du vil kunne nytte enkelt. Mykje av videoane er naturleg nok på engelsk, men det finnast ein del ressursar på norsk også. Blandt anna i Matematikkfaget er det lagt ut fleire videoar på norsk.

Teachertube inneheld ein del andre læringsressursar, slik som dokument(pdf, word, excel), bilder og lydklipp.

I Teachertube kan du sjå videoar sjølv om du ikkje har konto og/eller er innlogga, men skal du ha tilgang til dokument, så må du ha konto. Som ved mange andre nettstader, kan ein få konto via andre nettenester, slik som Facebook.

Mulighetane til Teachertube er mange. Ein kan lage sine eigne «klasserom», som fungerer omtrent som di eiga nettside. Der kan du legge inn eigne tekstar, videoar og liknande. For å finne ut meir om korleis du kan lage di eiga nettside, som klasserom, så er det forklart på denne sida (ekstern lenke) 

 

 

Coursera

Kategori: Ukategorisert, Verkty | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 5. april , 2016 kl. 10:14

coursera logo er ei nettside som fungerer som ein utdanningsplattform. Her kan du ta kurs innan ulike tema, som IKT/programmering, kunst, språk, matematikk, fysikk etc. Kursa blir levert av ulike universitet rundt om i verden. Her finn ein kjende universitet som Yale og Stanford. Og mange av kursa er gratis å delta på. Kursa er ofte videobaserte og du får oppgåver som du skal løyse. I kursperioden står du fritt til å velje når du skal sjå på leksjonane og du kan velje å sjå leksjonane så mange gangar du sjølv ynskjer.

For å få tilgang til kursa, må du registrere deg gratis på www.coursera.org. Som ved mange andre nettsider, kan du registrere deg via Facebook, eller du kan bruke e-postadresse og passord.

Når du har registrert deg og logga inn, kan du søke etter kurs på fleire ulike måtar. Du kan søke direkte i søkefeltet, eller du kan gå via katalogen og søke ved hjelp av tema i katalogen.

framside

Dersom du vel knappen «Catalog», så vil du få oversikt over alle kategoriar. Og dersom du vel ein kategori, så får du oversikt over alle kursa som er relatert til den kategorien. Det er også oversikt over underkategoriar slik at du kjem nærare inn på det du måtte ynskje av kurs. Biletet under viser bilde du får når du klikkar på Social Science. Her får du underkategoriar du kan velje. Kurs som er merka med eit grått felt med teksten «…-course specialization», er kurs som har kursavgift. Alle kurs som ikkje er merka med den nemnde teksten, er gratis å delta på. I biletet under viser at kurset «Healtcare Marketplace» har ei kursavgift, medan kurset «Marketing in a digital world» er gratis.

 

kursoversikt3

 

Dersom du klikkar inn på eit av kursa, vil du få oversikt over innhaldet til kurset, kor lang tid kurset vil ta, kor mange timar i veka det er berekna at du må bruke for å fullføre kurset.  Det kan vere lurt å merke seg at kursa har ein påmeldingsfrist.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.