Sreencast-O-Matic
Screencast-O-Matic er eit verkty for skjermopptak. Programmet er gratis og skjermopptaket kan skje direkte i nettlesaren.
For å ta skjermopptak, så må du gjere følgande:
- Klikk Start Recording – Hugs at du må ha Java installert for å kunne nytte denne funksjonen
- Når det er klart kjem det opp ein markering på skjermen som viser kor skjermopptaket skjer. Denne markeringa kan du justere etter eige ynskje.
- For å få lydopptak, må du klikke på mikrofonteiknet i opptakeren og velge rett mikrofon.
- Dersom du vil ha opptak med deg sjølv også, kan du velge ikonet for webkamera
- Når du har gjort justeringane du ynskjer, klikker du på opptakknappen.
- Programmet teller ned og opptaket startar.
- Under opptaket kan du gjere ulike justeringar, for eksempel pause i programmet, justere opptaksområdet og liknande.
- Når du er ferdig med opptak trykker du done
Screencast-O-Matic er eit gratis verkty, men med ein betalbar versjon også.
Med gratisversjonen kan ein lage videoar på opp til 15 minutt, den betalbare versjonen har ingen tidsbegrensing i forhold til opptak.
linken under viser korleis ein kan bruke Screencast-O-Matic:
http://www.screencast-o-matic.com/u/h/start-recording