Bloggnorge.com // Epedagogens blogg
Start blogg

Epedagogens blogg

ULIKE VERKTØY FOR PEDAGOGISK BRUK

Kategori: Ukategorisert

Ted og TedEd

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 6. januar , 2015 kl. 15:47

ted

teded

TED og TEDEd er to nettsider som inneheld mange gode ressursar i forhold til læring.

TED er ein portal med mange korte foredrag på videoar. Videoane er kategorisert innan tema og lengde. Ein kan også søke etter ulike videoar ved hjelp av eigne stikkord. Ein finn tema innafor dei fleste fagområde.

Tedportal

Her er eit eksempel på video som er lagt inn på TED

 

 

Her er ein video om kor lite eit atom er: denne er lagt inn på youtube av TED

 

TEDed er ein portal med mange ulike undervisningsopplegg. Opplegga er lagt opp slik:

  • Ein ser først ein video som presenterer tema
  • Ein svarer så på spørsmål vedrørande det som er sett på videoen
  • Ein undersøker meir om same tema
  • Ein kan diskutere tema med andre.
  • Ein kan også justere leksjonane som er tilgjengelig, slik at dei blir meir tilpassa sitt eige

Her er eit eksempel på ein leksjon

I forbindelse med videoen over om kor lite eit atom er, så er det ein del av ein leksjon: Klikk på bildet under for å sjå heile leksjonen

TEDEDatom

 

Svend Andreas Horgen ved HIST tek for seg korleis TEDEd Fungerer her (lenke):

 

Kahn Academy

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 17. desember , 2014 kl. 13:50

KahnLogo

Kahn Academy er ein frivillig organisasjon med formål om å gi gratis opplæring til alle. Det fungerer som ei nettside med ulike læringsressursar. For det meste er det videoar som omhandlar visse tema. Ein finn mykje ressursar innan matematikk, vitenskap ( naturfag, helse). programmering,
Det finnast flest videoar som læringsressursar, men også flashcards. Kvart emne finn ein som «kurs», der ein kan sjå videoar, gjere øvingar, skal svare på spørsmål og liknande. Denne ressursen kan nyttast i forbindelse med omvendt undervisning.

For lærarar kan ein opprette eit eige område for ein klasse. Der ein kan følgje med på kva elevane lærer.
Det meste av læringsressursane finnast på engelsk, men etter kvart er det omsett ein del videoar på norsk. Dette er det NDLA som har ansvaret for.

Kahn Academy finnast også som eigen Youtubekanal på norsk

Eksempel på video om multiplisering av negative tal:

 

Video om dei store muskelgruppene

 

 

Socrative

Kategori: Ukategorisert, Verkty | 0 kommentarer » - Publiser mandag 8. desember , 2014 kl. 11:33

logo

Socrative er eit Student respons system, der ein i hovudsak lagar quiz som ein kan ha i klasserommet

Ein kan lage quiz med ulike typar svarmuligheiter: sant/ usant, fleirvalg og fri tekst.

Elevane køyrer quizen i eige tempo, der dei sjølv avgjer kor fort spørsmåla kjem opp.

Ein kan køyre quiz i klasserommet, der ein kokurrerer om å bli fortast ferdig. Til skilnad frå Kahoot, vil ein få opp spørsmåla i eige tempo

Ein kan få resultatet ut på excel, sendt til seg pr e-post

Det finnast Socrative som eigen app for android og iphone. Den finns som eigen lærarapp, der ein kan styre quizzane og ein studentapp, der ein svarer på quizzen.

Ein kan også køyre «quick question», som er ein måte å ha ei kjapp undersøking på.

 

Ein kan lage sine eigne quizar, eller så kan ein importere ferdige quizar. Det kan ein gjere ved å legge inn ein kode. Du finn oversikt over ulike quizar her.

 

Korleis Socrative fungerer ser du på denne videoen.

Her ser du også eit eksempel på korleis Socrative kan bli brukt i klasserommet.

 

 

 

 

 

Corinth

Kategori: Ukategorisert, Verkty | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 26. november , 2014 kl. 15:06

corinthlogo

Corinth er ein app (program) til Windows 8.1 maskiner
appen er mest tilpassa naturfag,  humanbiologi og teknikk. Her kan ein undersøke element heilt ned på mikroskopnivå.

Corinth finnast i fleire versjonar: Humanbiologi, Geologi, Animalbiologi og plantebiologi for skule. I tillegg finnast det ein versjon for motor.
Meir informasjon og demo av Corinth finn du på nettsida www.ecorinth.com/content.
Dersom du ynskjer meir informasjon om appen for motor, finn du den på windows store
Appane er gratis. For å kunne nytte appane, må du ha Windows 8.1 operativsystem.
corinth2

corinthHumanbiologi                    corinthMotor

Skjermbilde frå ei celle  (Humanbiologiappen)                                 Skjermbilde frå appen om motor

 

 

 

 

Mitt første innlegg

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser fredag 31. oktober , 2014 kl. 07:16

Det finnast tusenvis av ulike IKT verkty for pedagogisk bruk tilgjengeleg. Utfordringa er å vite at dei faktisk er tilgjengeleg.

I denne bloggen vil eg prøve å finne fram i jungelen av hjelpemiddel. Eg kjem til å legge ut informasjon om dei ulike verktya, korleis ein kan bruke dei og lenker.

Tanken er at denne bloggen kan gjere det lettare for andre som ynksjer ein variert måte å lære på.

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.